tirsdag 20. september 2016

Hawaii

Etter kvart har eg vore mange stader, men ingen av dei kan måla seg med Hawaii. Hawaii er ei tropisk øy, men eg vil sei det er eit tropisk paradis. Når eg va der låg temperaturen rundt tretti grader, himmelen var så blå som den kan vera og heile øya var utsmekt i de flottaste fargar. Dagane mine der blei fort oppbrukt. Når du har ei heile øy å utforska går dagane fort. Dei første dagane blei brukt på ei av veras finaste strender Kailua strand. Kailua strekk seg så langt auga kan sjå med kvit sand og blå sjø.

Det besta i mi meining var å besøkje ein plass som heiter China walls. China walls blei danna av ein vulkan på Hawaii. Grunnen te at det hette China walls er på grunn av at magmaen har laga fjellet nesten heilt loddrett. Veggane ligg i sjøen når det er flo, men når fjæra kjem slepp vatnet taket og veggane visar seg i all sin prakt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar